Ny deltakarrekord og ny løyperekord

Ny deltakarrekord
den sjuande utgåva av Folgefonna Opp vart avvikla laurdag med solid deltakarrekord og heile 49 på startstreken i konkurranseklassen. Det kom løparar frå store delar av landet og ikkje nok med det, påmeldt var også ein brite, ein amerikanar og ein i frå Australia. Den som kom mest stansmessig var likevel Anders Kjærevik frå Varaldsøy som landa i eige helikopter på eit jorde like ved starten.

Fleire kjende profilar i motbakkemiljøet var påmeldt og ryktene gjekk i startområdet om at i år ville løyperekorden ryka.  Det slo ikkje feil. Ultraløpar Lars Erik Skjervheim, vOss IL,  banka den gamle rekorden med over 4 minutt og kom i mål på tida 1.19.01. Heile fire løparar slo den gamle rekorden noko som fortel litt om kor høgt nivået var i år.
Nr. 2 vart Glenn Tore Løland Sauda IL og nr. 3 vart nok ein vossing Hans Inge Klette. Vinnar i dameklassen vart Merete Faret med tida 1.57.50. Sindre S. Eide vann juniorklassen med den gode tida 44.00 til Gardshammar.
Sjå alle resultater  på www.eqtiming.no

Storm i kasta
Dagen i førevegen var det lite som tyda på at årets utgåve skulle bli ein god oppleving. Naturkreftene laga mykje ekstraarbeid for arrangørane som måtte sjå at telta på samlingsplassen som nettopp var rigga, vart hiven rundt i eit kraftig vindkast. Funksjonærane som var på veg til til Fonnabu måtte søkje nød i Breidablikkhytta i uværet som herja. Heile natta gjennom bles og regna det, men som ei openbaring stilna vinden av om morgonen og det vart  etterkvart klarver og fine løpeforhold.

Familedag
Ved samlingsplassen på Sandarvollen i Bondhusdalen kosa bygdefolk, famile og vener seg medan løparane sprang til topps. Elva hadde vakse seg stor noko som fekk fart på barkebåtane i barkebåtløpet og gjorde Zipline over elva ekstra spanande. Andre aktivitetar som slo an var det nyinnkjøpte kasteøksa, ansiktsmaling og natursti.

Etterkvart kom løparane nett att frå fjellet og kunne kjenne på stemninga og den gode maten. På menyen var det Hjønnevåg sine Fiskeburgarar, Rømmegraut og mjølkekaker.

Takk til alle bygdefolk om bidrog til at arrangementet vart svært vellukka, det beste til nå.
Takk også til samarbeidspartnarane Kinsarvik Røde Kors, Kvinnherad Turlag, og sponsorane Statkraft AS, Sjøtroll AS og Br. Hjønnevåg AS.