Folgefonna Opp 2019

Nøgde klassevinnarar med kvar si Folgefonna Opp hue

Folgefonna Opp 2019

Kranglevorne vergudar
I dei sju første utgåvene av Folgefonna Opp har vergudane spelt på lag og levert gode verhold på løpsdagen. Men i år gjorde dei det tidleg klart at arrangørane, Uskedalen IL og Ænes og Mauranger Bygdalag, måtte tenka alternativt. Stabile varsel om storm, regn og torebyger med fare for lyn på toppane gjorde valet enkelt om å flytta mål ned til Garshammar. Tryggleiken til løparane går alltid først. Ei lita betring i meldinga på slutten gjorde at målfunksjonærane fann det forsvarleg å flytte mål opp att til Gjeldfeskaret (1160 m). Samstundes flytta ein starten heilt ned på kaien i Sundal sentrum slik at løparane fekk følgja den historiske Isvegen frå første steg. Toltalt vart dermed løypa over 8 km og eit fullgodt fjellløp. Både løparar og arrangør var enig om at ein fekk maksimal uttelling. 500 meter lenger oppe i traseen kunne utsendte speidarar nemlig rapportere om piskregn og stormkast i ope fjellandskap.

4.løp i Norgescup
Totalt 70 sprekingar deltok i årets motbakkeløp der 49 løparar var påmeldt i konkurranseklassen. 4 spreke gutar sprang i juniorklassen til Gardshammar. Det er omlag same deltakarantall som fjorårets rekordutgåve. Arrangøren hadde likevel håpa at endå fleire hadde funne vegen i år sidan løpet var teljande i norgescupen for motbakkeløp. Kanskje veret skremte nokon tilbake til sofaen? Både på dame og herresida stilte likefullt dei beste i landet for augneblinken; nemlig Torstein Tengsareid (Skjalg IL) og Karoline Holsen Kyte (Førde IL). Torstein vann overlegent med tida 52.58 min foran Oskar Røen  (Varegg Fleridrett)56.29 min og Erling Hisdal( IK Tjalve) med tida 57.45 min. Karoline tikka inn på tida 1.02.31 foran Anita Iversen Lilleskare (Bergen Løpeklubb) 1.06.02, og Ingvild Sangesland (Vinbjart) med tida 1.07.45. I juniorklassen vann Eivind Hauso (Vestglimt IL) med tida 44.25. Alle tidene og plasseringane finn du på resultatsida.

Maurangerdagen
Det at starten vart flytta ned til kaien fekk brått arrangøren til å tenke i nye banar også når det gjaldt familiedagen i tilknyting til arrangementet. Kvifor ikkje flytte alle aktivitetane ned til sentrum? Som sagt så gjort. Dette viste seg å bli stor suksess og kan fort bli ei permanent endring. Då kan ein med rette kalle motbakkeløpet Frå Fjord til Fonn. Deltakarane var også svært positive til å flytte starten ned i sentrum.
Det opnar i så tilfelle for to nye løyperekordar til neste år. Takk til alle som støtta om arrangementet.   

Takk til  Sparebanken Vest og Sparebank 1 Stifitnga som tildelte oss prosjektmidlar til arrangementet.. Takk også til Lingalaks , Statkraft, Lerøy Sjøtroll , Isklar  og Br. Hjønnevåg for gode støttespelarar. Til slutt ei takk  til Odda Røde Kors og  ikkje minst til medarrangør Uskedalen IL med Steinar Haugland i spissen, for eit fruktbart samarbeid året gjennom.

 

Dei tre raskaste damene Folgefonna Opp 2019
Pallen i herreklassen
Pallen i juniorklassen; vinnar Eivind Hauso, nr 2. Markus Ø Guddal, nr 3 Håkon Skjelnes
Starten går frå Fjorden Til Fonna langt der oppe

Folgefonna Opp inngår i Norgescupen 2019


Norgeseliten kjem
Norsk Motbakkecup er Norsk Friidrettsforbund sin offisielle norgescup i motbakkespringing. Folgefonna Opp er for 2019 tildelt som fjerde løp i denne cupen. Løpa i denne cupen er eit viktig grunnlag for uttak til alle dei internasjonale meisterskapa i motbakkeløp. Med andre ord vil  meir eller mindre heile norgeseliten stille på startstreken på Smalastølen 10.august. 

Uskedalen Idrettslag har sagt ja til å arrangere Folgefonna Opp i lag med oss. Det er med svært glade for og me hadde ikkje søkt om tildeling utan dette samarbeidet. Løpemiljøet i Uskedalen har i fleire år vist stor entusiasme for arrangementet vårt, og har sjølv arrangert motbakkeløpet Solfjelløpet i mange år.

Me gler oss til å ta fatt planlegginga av denne spanande utfordringa. Ring rundt 10.agust, dette blir ein skikkeleg folkefest!

 

Festdag i Bondhusdalen

Festdag i Bondhusdalen

Glitrande sol og glitrande humør

Folkefest i Mauranger
26.august var det på ny duka for Folgefonna Opp med Maurangerdag inne på Sandarvollen. Arrangørane turde ikkje heilt å tru på dei gode vermeldingane i forkant. Men då dagen var der var det berre å klypa seg i armen. Eit sjeldan fint seinsommarver laga ein blendande ramme rundt arrangementet. Til og med på Fonnabu var det sol frå skyfri himmel og dørgande stille. Konkurranseløparar og mosjonistar, samt funksjonærar fekk seg ein magisk oppleving i den mektige fjellheimen og dei framøtte på folkefesten lenger nede i dalen, fekk seg ein lenge etterlengta soldag med god mat og mykje lått og løye.
 
I barkebåtløpet måtte ein ha tolmod før det kunne kårast ein vinnar. Båtane var liggande å vente på vind i seglet, då elva ikkje var altfor stri. Arrangørane klarte til slutt å få båtane på glid. Like kjekt som sjølve løpet var det å pynte båtane i forkant.
 
Inger Beate Tveit haldt ut i heile 4 min og 3 sek med Mjølkespann og vart dermed kåra til Maurangermeister. Ziplina over elva var ekstra spanande i år då ein nådde ned i med beina og kunne bli våt. Det var også kjekt med ansiktsmåling og å varme seg eit pinnebrød på bålet. Tradisjonen tru var det mykje god mat og i år kunne me også sette tenna i Hjønnevåg sin saftige fiskeburger. Kvinnherad  Folkemusikklag skapa ei heilt rett musikalsk ramme rundt utandørsfesten.
 
 
Norges hardaste motbakkeløp
Mange habile motbakkeløparar var med i år og lot seg begeistra over traseèn. – Det må vere det finaste men samtidig det hardaste motbakkeløpet i landet, meinte Geir Storetvedt Skaten som var tredje mann opp til Fonnabu i år.  I år var det 64 deltakarar totalt og 31 som sprang på tid. Men skal me tru gjengen som var med i år er det eit stor potensial for auke i deltakartalet.
 
 
 

Komiteen vil takka Statkraft, Sjøtroll og Palfinger Marine for pengestøtte, Hjønnevåg for nydeleg fiskeburger og Isklar for brevatn på flaske. Me vil også takka Kvinnherad Turlag for godt samarbeid på Fonnabu.

Men ikkje minst vil me takka alle dugnadshender som trødde til og gjorde at arrangementet vart den beste gjennomføringa så langt. Det er med lett hjarte me tar fatt på jobben inn mot neste års arrangement. Tusen takk !

 
 
 

Publ. 29.08.17

Tekst Ottar Eide

Foto: Signe B.Jensen

Randi S.Eide