Nøgde klassevinnarar med kvar si Folgefonna Opp hue

Folgefonna Opp 2019

Kranglevorne vergudar
I dei sju første utgåvene av Folgefonna Opp har vergudane spelt på lag og levert gode verhold på løpsdagen. Men i år gjorde dei det tidleg klart at arrangørane, Uskedalen IL og Ænes og Mauranger Bygdalag, måtte tenka alternativt. Stabile varsel om storm, regn og torebyger med fare for lyn på toppane gjorde valet enkelt om å flytta mål ned til Garshammar. Tryggleiken til løparane går alltid først. Ei lita betring i meldinga på slutten gjorde at målfunksjonærane fann det forsvarleg å flytte mål opp att til Gjeldfeskaret (1160 m). Samstundes flytta ein starten heilt ned på kaien i Sundal sentrum slik at løparane fekk følgja den historiske Isvegen frå første steg. Toltalt vart dermed løypa over 8 km og eit fullgodt fjellløp. Både løparar og arrangør var enig om at ein fekk maksimal uttelling. 500 meter lenger oppe i traseen kunne utsendte speidarar nemlig rapportere om piskregn og stormkast i ope fjellandskap.

4.løp i Norgescup
Totalt 70 sprekingar deltok i årets motbakkeløp der 49 løparar var påmeldt i konkurranseklassen. 4 spreke gutar sprang i juniorklassen til Gardshammar. Det er omlag same deltakarantall som fjorårets rekordutgåve. Arrangøren hadde likevel håpa at endå fleire hadde funne vegen i år sidan løpet var teljande i norgescupen for motbakkeløp. Kanskje veret skremte nokon tilbake til sofaen? Både på dame og herresida stilte likefullt dei beste i landet for augneblinken; nemlig Torstein Tengsareid (Skjalg IL) og Karoline Holsen Kyte (Førde IL). Torstein vann overlegent med tida 52.58 min foran Oskar Røen  (Varegg Fleridrett)56.29 min og Erling Hisdal( IK Tjalve) med tida 57.45 min. Karoline tikka inn på tida 1.02.31 foran Anita Iversen Lilleskare (Bergen Løpeklubb) 1.06.02, og Ingvild Sangesland (Vinbjart) med tida 1.07.45. I juniorklassen vann Eivind Hauso (Vestglimt IL) med tida 44.25. Alle tidene og plasseringane finn du på resultatsida.

Maurangerdagen
Det at starten vart flytta ned til kaien fekk brått arrangøren til å tenke i nye banar også når det gjaldt familiedagen i tilknyting til arrangementet. Kvifor ikkje flytte alle aktivitetane ned til sentrum? Som sagt så gjort. Dette viste seg å bli stor suksess og kan fort bli ei permanent endring. Då kan ein med rette kalle motbakkeløpet Frå Fjord til Fonn. Deltakarane var også svært positive til å flytte starten ned i sentrum.
Det opnar i så tilfelle for to nye løyperekordar til neste år. Takk til alle som støtta om arrangementet.   

Takk til  Sparebanken Vest og Sparebank 1 Stifitnga som tildelte oss prosjektmidlar til arrangementet.. Takk også til Lingalaks , Statkraft, Lerøy Sjøtroll , Isklar  og Br. Hjønnevåg for gode støttespelarar. Til slutt ei takk  til Odda Røde Kors og  ikkje minst til medarrangør Uskedalen IL med Steinar Haugland i spissen, for eit fruktbart samarbeid året gjennom.

 

Dei tre raskaste damene Folgefonna Opp 2019
Pallen i herreklassen
Pallen i juniorklassen; vinnar Eivind Hauso, nr 2. Markus Ø Guddal, nr 3 Håkon Skjelnes
Starten går frå Fjorden Til Fonna langt der oppe