Folgefonna Opp byr på meir enn ein nasjonalromantisk natur. Heile trassèn har eit historisk sus over seg. Først spring du på Isvegen som vart brukt til å frakte isblokker frå brea og ned til fjorden. Deretter følgjer du den 120 år gamle ridevegen opp til brekanten.
Turistvegen over Folgefonna er valt ut som ein av få historiske vandreruter i Norge, på grunn av sin historiske verdi.