Motbakkeløp på historisk grunn  

 

Historisk grunn.

Isvegen.

Første del av traseen fylgjer isvegen. Denne vegen som går inn til Bondhusvatnet, vart ferdig 1863. Han vart bygd for å kunna eksportera is frå Bondhusbrea.
Isen skulle gå til Skottland for å ise ned skotsk laks. Isvegen vart bygd av Johan Martin Dahll frå Kragerø. Målet var å hogga isen laus i Bondhusbrea, bera den på ryggen ned til vatnet, ro over vatnet for deretter å køyra isen til sjøen på hest og kjerre.
Diverre veit vi lite om korleis denne ”butikken” gjekk, veit heller ikkje kor mange båtlaster som vart skipa ut. Vi veit at første islasta gjekk alt i 1822. Det var då ikkje veg til Bondhusvatnet, all isen vart bert og rodd heilt til sjøen. Båten skulle ha 6000 våger – 1 våg = 18 kg. Prisen var 18 øre pr. våg, men på grunn av stor tilgang på berarar, – 3-400 stk -vart prisen redusert til 12 øre. Etter ei kort tid var mykje av graset nedtrakka, og bøndene sa stopp. Båten måtte reisa med berre 3000 våger.

Gardshamarvegen – ”Keisarstien”.

Turisttrafikken var aukande, og behovet for å koma seg opp på Folgefonna var stort. Gardshamarvegen vart såleis vedteken bygd, og den stod ferdig i 1890.
Sikringshytta Breidablikk vart bygd nokre år seinare. Vegen er bygd som gang og ridesti, breidda var om lag 2,0 m.

Vegen startar ved Nybba – ca 100 m o.h, og slutta ved dåverande iskant ca. 1250 m o.h.
Heile vegen er bygd med handamakt. Det vart leiga inn ein arbeidsleiar, elles vart nok det meste gjort på dugnad. Økonomisk støtte kom frå Herr Westerich, Deutshen Nordlandsverein, landhandlar Gausvik, bokhandler Bayer, konsul Greve, samt bønder på Sundal og Bondhus.

Grunneigarane måtte godta fylgjande klausul: ”Benyttelsen av rideveien skal til enhver tid vere fri for alle og enhver. Endvidere forplikter vi os og kommende eiere av vore bruk til at skaffe reisende gode,oppsædlede rideheste i et andtal af indtil 8 – otte daglig – fra Sundal til Folgefonden og videre slædeskyds over fonnen, samt, om forlanges, førere ned til Odda, alt efter de av Den Norske Turistforening fastsatte taxter og bestemmelser.”

Turisttrafikken.

Alt før 1890 var Odda ein kjent ”cruicehavn”, med besøk av mange tusen turistar kvar sumar. Då Nårgardshamarvegen vart ferdig i 1890 kom det nye tilbod. Det vart sett opp 3 båtruter frå England og til Sundal kvar veke i sesongen. Selskapet heitte Ceylon, same selskapet kom og med 5 livbåtar, – med plass til 25 personar i kvar, – som dei plasserte i Bondhusvatnet.
Dei fleste turistane ynskte å gå opp til Bondhusvatnet, bli rodd over vatnet og gå vidare opp til Bondhusbrea. Andre ynskte å gå eller kløvja opp Gardshamarvegen for så å bli køyrt med hest og slede over Folgefonna. Så gjekk dei ned til Odda. Båten gjekk frå Sundal og til Odda for å plukka opp dei som kom over fonna.

Inntektene frå turisttrafikken var viktig for mange av bøndene i bygda. Men for å vera godkjent los måtte dei ha patentførar-bevis frå DNT. Dei måtte og tilfredsstilla dei krav som blei sett. Det var stor konkurranse om å føra turistar over brea.
Gamle dokument viser at ikkje alle var like populære.

Det vert sagt at når hestane høyrte turistbåten fløytte med Musjerneset sprang dei for å gøyma seg.

Isvegen og Gardshamarvegen er i dag levande kulturminner, som vi ynskjer å ta vare på. I vår travle, urbaniserte og mediastyrte verd, er det med respekt og langt over 100 års ettertanke vi finn roen på vår gode vandring i Bondhusdalen. Det er kanskje noko av vår ”draum om Folgefonna” når vi opplever overhengande tett barskog i nedre del av Gardshamarvegen, opp mot kontrastane på snaufjellet med fjellvatn, fosseleik og Folgefonna. Eller eit irrgrønt Bondhusvatn  med Bondhusbrea i bakgrunnen.

Velkomen til Folkefest i Mauranger

Folgefonna Opp byr på meir ein nasjonalromantisk natur. Heile trassèn har eit historisk sus over seg. Først spring du på Isvegen som vart brukt til å frakte isblokker frå brea og ned til fjorden. Deretter følgjer du den 120 år gamle ridevegen opp til brekanten. Turistvegen over Folgefonna er valt ut som ein av få historiske vandreruter i Norge, på grunn av sin historiske verdi.