Folgefonna-opp 2017

Motbakkeløp frå fjord til fonn

Det er stadig fleir løpare som melder seg på løpet
...gå!!
Her går starten i Folgefonna Opp 2016

26..august 2017 går motbakkeløpet Folgefonna Opp av stabelen for 6.gong. Løpet startar nede ved fjorden i Sundal i Mauranger og tar deg like opp til Fonnabu ved Folgefonna 1460moh. Løypa er 11 km lang. Det er eigen  mosjonsklasse i tilegg til konkurranseklassen. Folgefonna junior (10 – 14 år) følgjer same traseen 5 km opp til Gardshammar 745moh. 

Folkefest

 Bygdalaget invitererer samstundes til Maurangerdag ved Sandarvollen, i traseen til motbakkeløpet. Sandarvollen ligg ein halv times lett gange innover Bondhusdalen. Her blir det mykje aktivitetar for heile familen, musikalsk underhaldning og sal av tradisjonsmat. Her vil også premieutdelinga føregå. Det blir også eit barneløp med same start som motbakkeløparane og målgang ved Sandarvollen.