Ny deltakarrekord og ny løyperekord

Ny deltakarrekord
den sjuande utgåva av Folgefonna Opp vart avvikla laurdag med solid deltakarrekord og heile 49 på startstreken i konkurranseklassen. Det kom løparar frå store delar av landet og ikkje nok med det, påmeldt var også ein brite, ein amerikanar og ein i frå Australia. Den som kom mest stansmessig var likevel Anders Kjærevik frå Varaldsøy som landa i eige helikopter på eit jorde like ved starten.

Fleire kjende profilar i motbakkemiljøet var påmeldt og ryktene gjekk i startområdet om at i år ville løyperekorden ryka.  Det slo ikkje feil. Ultraløpar Lars Erik Skjervheim, vOss IL,  banka den gamle rekorden med over 4 minutt og kom i mål på tida 1.19.01. Heile fire løparar slo den gamle rekorden noko som fortel litt om kor høgt nivået var i år.
Nr. 2 vart Glenn Tore Løland Sauda IL og nr. 3 vart nok ein vossing Hans Inge Klette. Vinnar i dameklassen vart Merete Faret med tida 1.57.50. Sindre S. Eide vann juniorklassen med den gode tida 44.00 til Gardshammar.
Sjå alle resultater  på www.eqtiming.no

Storm i kasta
Dagen i førevegen var det lite som tyda på at årets utgåve skulle bli ein god oppleving. Naturkreftene laga mykje ekstraarbeid for arrangørane som måtte sjå at telta på samlingsplassen som nettopp var rigga, vart hiven rundt i eit kraftig vindkast. Funksjonærane som var på veg til til Fonnabu måtte søkje nød i Breidablikkhytta i uværet som herja. Heile natta gjennom bles og regna det, men som ei openbaring stilna vinden av om morgonen og det vart  etterkvart klarver og fine løpeforhold.

Familedag
Ved samlingsplassen på Sandarvollen i Bondhusdalen kosa bygdefolk, famile og vener seg medan løparane sprang til topps. Elva hadde vakse seg stor noko som fekk fart på barkebåtane i barkebåtløpet og gjorde Zipline over elva ekstra spanande. Andre aktivitetar som slo an var det nyinnkjøpte kasteøksa, ansiktsmaling og natursti.

Etterkvart kom løparane nett att frå fjellet og kunne kjenne på stemninga og den gode maten. På menyen var det Hjønnevåg sine Fiskeburgarar, Rømmegraut og mjølkekaker.

Takk til alle bygdefolk om bidrog til at arrangementet vart svært vellukka, det beste til nå.
Takk også til samarbeidspartnarane Kinsarvik Røde Kors, Kvinnherad Turlag, og sponsorane Statkraft AS, Sjøtroll AS og Br. Hjønnevåg AS.

Festdag i Bondhusdalen

Festdag i Bondhusdalen

Glitrande sol og glitrande humør

Folkefest i Mauranger
26.august var det på ny duka for Folgefonna Opp med Maurangerdag inne på Sandarvollen. Arrangørane turde ikkje heilt å tru på dei gode vermeldingane i forkant. Men då dagen var der var det berre å klypa seg i armen. Eit sjeldan fint seinsommarver laga ein blendande ramme rundt arrangementet. Til og med på Fonnabu var det sol frå skyfri himmel og dørgande stille. Konkurranseløparar og mosjonistar, samt funksjonærar fekk seg ein magisk oppleving i den mektige fjellheimen og dei framøtte på folkefesten lenger nede i dalen, fekk seg ein lenge etterlengta soldag med god mat og mykje lått og løye.
 
I barkebåtløpet måtte ein ha tolmod før det kunne kårast ein vinnar. Båtane var liggande å vente på vind i seglet, då elva ikkje var altfor stri. Arrangørane klarte til slutt å få båtane på glid. Like kjekt som sjølve løpet var det å pynte båtane i forkant.
 
Inger Beate Tveit haldt ut i heile 4 min og 3 sek med Mjølkespann og vart dermed kåra til Maurangermeister. Ziplina over elva var ekstra spanande i år då ein nådde ned i med beina og kunne bli våt. Det var også kjekt med ansiktsmåling og å varme seg eit pinnebrød på bålet. Tradisjonen tru var det mykje god mat og i år kunne me også sette tenna i Hjønnevåg sin saftige fiskeburger. Kvinnherad  Folkemusikklag skapa ei heilt rett musikalsk ramme rundt utandørsfesten.
 
 
Norges hardaste motbakkeløp
Mange habile motbakkeløparar var med i år og lot seg begeistra over traseèn. – Det må vere det finaste men samtidig det hardaste motbakkeløpet i landet, meinte Geir Storetvedt Skaten som var tredje mann opp til Fonnabu i år.  I år var det 64 deltakarar totalt og 31 som sprang på tid. Men skal me tru gjengen som var med i år er det eit stor potensial for auke i deltakartalet.
 
 
 

Komiteen vil takka Statkraft, Sjøtroll og Palfinger Marine for pengestøtte, Hjønnevåg for nydeleg fiskeburger og Isklar for brevatn på flaske. Me vil også takka Kvinnherad Turlag for godt samarbeid på Fonnabu.

Men ikkje minst vil me takka alle dugnadshender som trødde til og gjorde at arrangementet vart den beste gjennomføringa så langt. Det er med lett hjarte me tar fatt på jobben inn mot neste års arrangement. Tusen takk !

 
 
 

Publ. 29.08.17

Tekst Ottar Eide

Foto: Signe B.Jensen

Randi S.Eide